Det dreg seg mot slutten...

Mobiltelefon anno 1994

Nå har ikkje 1994-årgangen mykje igjen før dei trør ut frå Harestad skule for siste gang.

Det meste er nå unnagjort. Skriftleg eksamen kjem det snart sensur på og munnleg (lokalgitt) eksamen gjorde dei unna tysdag denne veka. Sist veke var det rafting på Evje, og måndag fekk nokre få frammøtte “Unik”-skjorte på grillfesten, for dei fleste var heime og budde seg til eksamen. Resten får nok på avslutningsfesten tysdag 22. juni. Dei siste dagane blir brukt til å rydde klasserom og samle inn bøker, samt gjere klar til avslutningsfesten.

De kan starte nedteljinga nå! 5…,

Kommentarer er stengt.