Elevane rule idrettsbanen

Lærarlaget

Den siste tida har det vore sandvolleyballturnering på ungdomstrinnet. Lag frå dei fleste klassane kjempa seg gjennom innleiande kampar og finalespel heilt til det stod igjen eit lag frå 8. og eitt frå 10. klasse.

Dei eldste var best, og Hanna, Solvår, Marcus, Even gjekk av med sigeren. Dessverre vart Even skada i finalen, slik at Frode måtte steppe inn i den avgjerande kampen mot lærarane. Det første settet vann elevane klart, men resten av kanpen vart svært jamn. Til slutt var det elevane som drog i land sigeren til 3-1 i sett.

Ein fancy og myndig dommar!

Måndag vart det og arrangert fotballkamp mellom 10. trinn og dei sprekaste lærarane på kunstgraset på stadion. Lærarlaget gjekk oppskriftsmessig opp i leiinga, men 10. trinn slo raskt tilbake og leia 3-1 til pause. I andre omgang tok lærarane ut alle kreftene i ei solid opphenting og utlikna til 3-3, men rett før slutt punkterte Maria kampen til 4-3 i fordel elevane.

Alt i alt kjekk, jamne kampar som lærarane lot elevnae få vinne! :-)

Kommentarer er stengt.